Fôra halshue (balaklava)
Mjuk og varm halshue, fôra med fleece. Ho sit godt rundt hovud, øyre og hals og passar fint på kalde haust- og vinterdagar.
Ei hue om gongen ❤️
Hua er sydd på Korshåjen gard og systaue. Etter at fjøsen vår brann, starta eg prosjektet «Eitt nytt fjøs ≈ 50 000 huer». Kvar hue som blir seld, er eit lite steg på vegen mot å byggje opp att fjøsen og garden.
Takk for at du handlar frå Korshåjen ❤️