Fjøsen på Korshåjen gard brann 11. mai 2024. No byggjer vi han opp att, steg for steg, for å gi dyra ein ny fjøs og sikre vidare drift på garden.
Vil du hjelpe oss vidare? Her kan du gi eit frivillig bidrag på 50, 100, 250 eller 1000 kroner. Bidraget går til gjenoppbygginga av fjøsen.
Nokre har spurt om det går an å bidra direkte til gjenoppbygginga. Derfor har eg laga ein enkel måte å bli med på – også for deg som berre vil leggje ein liten bit til prosjektet.
Dette er eit frivillig støttebidrag, og du får inga fysisk vare tilsendt. Det kjem ikkje frakt i tillegg til støttebeløpet.
Kvar krone blir ein liten del av vegen vidare – mot nytt fjøs, vidare drift og ein levande gard på Korshåjen.
Tusen takk for at du heiar, deler og hjelper oss vidare ❤️
Eitt nytt fjøs ≈ 50 000 huer. Eller veldig mange små steg på vegen.