Vinterhalshue med verktøymotiv, i storleik 8–11 år, fôra med fleece. Ho går rundt både hovudet og halsen.
Denne halshua har vore ein favoritt hos mine eigne barn. Ho sit godt og er behageleg å ha på.
Ytterstoffet er bomullsjersey med 95 % bomull og 5 % elastan. Inni er hua fôra med fleece som inneheld 70 % resirkulert polyester. Jerseyen er elastisk og gir etter i passforma.
Vask: Finvask på 30 grader, av omsyn til fleecefôret. Ikkje tørketrommel.
Sydd i systaua på Korshåjen gard. Kvar hue som blir seld, er eit lite steg på vegen mot nytt fjøs etter brannen. Ei hue om gongen ❤️