Gåver med ei historie

Gåver med ei historie

Nokre gåver er meir enn berre noko fint i ein pakke.

På Korshåjen finn du handlaga huer og småvarer sydde i små opplag på ein norsk gard. Mange av produkta finst berre i eitt eller nokre få eksemplar – for deg som leitar etter ei unik gåve til barn, ei personleg barselgåve, julegåve eller ei gave med mening.

Her blir ikkje tusenvis av like varer sende ut frå eit stort lager. Huene blir klipte og sydde i systaua på Korshåjen, mellom gardsarbeid, dyr, ungar og bygginga av den nye fjøsen.

Fjøsen vår brann ned i 2024. No bygger vi opp att – litt etter litt.

Målet er ikkje berre ein ny bygning. Målet er ein levande gard vidare: dyr, matproduksjon, handverk, småskala drift og arbeid på bygda.

Når du handlar hos Korshåjen, kjøper du derfor først og fremst noko du likar og har bruk for. Samtidig handlar du direkte frå ei lita norsk verksemd og eit norsk småbruk.

For mange handlar det nettopp om dette: å handle lokalt, støtte små bedrifter, velje håndlagde og småskala produkt og bruke pengane sine ein stad der dei faktisk betyr noko.

Kanskje du leitar etter ei unik gave til baby, ei gave til barn som har alt, ei annleis barselgave eller berre noko du ikkje finn i alle andre butikkar.

Då håpar eg du finn noko her.

Heimesydd på Korshåjen. Små opplag. Ei ekte historie bak kvart kjøp.

Sjå alle huer ->

Sjå nytt frå systaua->