Ei praktisk gåve til pappa, bestefar eller ein som er glad i Case-traktorar.
Eg syr desse gryteklutane i små opplag i systaua på Korshåjen gard. Motivet viser Case-traktorar frå ulike epokar – til den som likar gard, gamle maskiner og ting med personlegdom.
Du får eit par – 2 gryteklutar. Plasseringa av mønsteret kan variere litt frå par til par.
Fine som bursdagsgåve, farsdagsgåve eller julegåve til ein traktorentusiast, eller til ditt eige kjøkken.
Kvart kjøp bidreg til å byggje opp att fjøsen på Korshåjen etter brannen i 2024.