Pelargonia i glaskarmen. Litt som hos bestemor – der ein kom inn døra, sette seg ned og kjende at ein var heime.
Desse gryteklutane er sydde med eit klassisk pelargoniamotiv i raudt og grønt, og har nett den lune, litt nostalgiske kjensla eg likar å ha på kjøkkenet. Ting som ikkje treng vere moderne for å vere fine – berre gode, kjende og litt heimlege.
Sydde i små opplag i systaua på Korshåjen. Mønsterplasseringa kan variere litt, så kvart par får sitt eige uttrykk.
Seljast som par – 2 gryteklutar.