Gryteklutar med kyr – 2 stk


 


Ein liten bit av sommarenga – rett inn på kjøkkenet.

Dette paret med handlaga gryteklutar har motiv av kyr på grøn eng, og passar fint på eit kjøkken der ein likar det landlege, varme og heimlege. Dei gir litt av kjensla av å kome heim, setje frå seg handleposane, høyre kaffikjelen putre og lande litt.

Gryteklutane er sydde i små opplag i systaua på Korshåjen, og kvar detalj er laga for hand. Mønsterplasseringa kan variere litt, så kvart par får sitt eige uttrykk.

Desse passar godt både til ditt eige kjøkken og som gåve til nokon som er glad i gardsliv, kyr, bygdeliv og det enkle, gode kvardagslivet.

Seljast som par – 2 gryteklutar.



Skriv en anmeldelse