Gryteklutar med verktøy – 2 stk


 


Til den som alltid har eit prosjekt på gang.

Eit par handlaga gryteklutar med verktøy, sag, øks og gamle handverksmotiv på svart botn. Eit litt annleis kjøkkenprodukt for den som likar å bygge, skru, reparere – eller berre synest verktøy høyrer heime på meir enn arbeidsbenken.

Gryteklutane er sydde i små opplag i systaua på Korshåjen. Mønsterplasseringa kan variere litt frå par til par, og kvart par får derfor sitt eige uttrykk.

Fine til eige kjøkken, men også som gåve til ein handverkar, hobbysnikkar eller den som har «alt» frå før.

Seljast som par – 2 gryteklutar.



Skriv en anmeldelse